Forkynnaren 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kva skal glede og rikdom tena til?

1Eg tenkte med meg:

No vil eg prøva gleda

og nyta det som er godt!

Men det òg var fåfengd.

2Om låtten sa eg: «Han er vitlaus»,

og om gleda: «Kva skal ho tena til?»

3Då fekk eg den tanken

at eg skulle kveikja meg med vin,

men la vitet styra meg med visdom.

Eg ville halda meg til dårskapen

til eg fekk sjå kva som er best

for menneska under himmelen

den korte tida livet varer.

4Så sette eg store ting i verk:

Eg bygde hus og planta vingardar,

5stelte til hagar og parkar

og sette alle slag frukttre i dei.

6Eg bygde dammar til å vatna

ein skog med tre som voks opp.

7Eg kjøpte trælar og trælkvinner,

og andre trælar var fødde i mitt hus.

Storfe og småfe fekk eg meg òg,

i større mengd enn alle dei

som levde i Jerusalem før meg.

8Sølv og gull samla eg meg òg,

og rikdom frå andre kongar og land.

Eg fekk meg songarar og songarinner

og det som er ein hugnad for menn,

kvinner og atter kvinner.

9Eg vart stor, ja, større enn alle dei

som levde i Jerusalem før meg.

Men visdomen min heldt eg fast ved.

10Alt det augo ynskte,

lét eg dei få;

eg nekta meg inga glede.

Hjarta gledde seg over alt mitt strev,

og det var løna for all mi møde.

11Men så gav eg meg til å tenkja over

alt det eg hadde gjort med mine hender,

det eg hadde streva og slite med.

Sjå, alt var fåfengd og jag etter vind.

Det er ingenting å vinna under sola. Visdom og dårskap

12Eg gav meg òg til å tenkja over

visdom, vitløyse og dårskap.

Kva skal vel kongens ettermann gjera?

Det same som andre har gjort for lenge sidan.

13Eg såg at visdom er betre enn dårskap,

liksom ljoset er betre enn mørkret.

14Den vise har augo i hausen,

medan dåren ferdast i mørker.

Men eg skjøna òg

at same lagnaden møter dei begge.

15Då tenkte eg med meg:

Som det går dåren, så går det meg òg.

Kva skal all min visdom tena til?

Eg tenkte med meg:

Det òg er fåfengd.

16For minnet om den vise

lever ikkje lenger enn minnet om dåren.

I dagar som kjem,

er alt for lenge sidan gløymt.

Ja, den vise må døy, han liksom dåren.

17Då vart eg lei av livet,

for eg lika ille det som hender under sola.

Alt er fåfengd og jag etter vind.

18Eg vart lei av alt mitt strev,

alt slitet eg har hatt under sola.

For alt må eg lata over

til den som kjem etter meg.

19Kven veit om det vert ein vis eller ein dåre

som skal rå over det eg har vunne

med mitt strev og min visdom under sola?

Det òg er fåfengd.

20Då vart eg reint motlaus

for alt det strev eg har hatt under sola.

21For det hender at eit menneske strevar

med visdom, kunnskap og dugleik

og må gje det i arv til ein annan

som ikkje har hatt noko bry med det.

Det òg er fåfengd, ei stor ulukke.

22Kva har då mennesket att

for alt sitt slit og strev

som han har plaga seg med under sola?

23Alle hans dagar er fulle av pinsle,

og alt det han driv med, valdar sorg.

Ikkje eingong om natta

får hjarta hans kvila.

Det òg er fåfengd. Alt er ei gåve frå Gud

24Det beste eit menneske kan gjera,

er å eta og drikka

og unna seg gode dagar

midt i alt sitt strev.

Men eg fekk sjå at det òg

kjem frå Guds hand.

25For kven kan utan han

eta og vera glad?

26Ja, Gud gjev visdom

og kunnskap og glede

til dei menneske han synest om.

Men syndarar gjev han strevet

med å samla og sanka,

og sidan må dei gje det alt

til dei som Gud synest om.

Det òg er fåfengd og jag etter vind.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help