1Kvifor er du så langt borte, Herre,
kvifor løyner du deg i trengselstider?
2Dei gudlause jagar i sitt hovmod ein stakkar,
men vert sjølve fanga med dei knep dei fann på.
3Den gudlause skryter av si grådige lyst,
den griske forbannar og vanvørder Herren.
4Den gudlause seier med hovmodig mine:
«Han krev meg ikkje til rekneskap!
Det finst ingen Gud.»
Så tenkjer han alltid.
5Han har lukka med seg i alt han gjer;
dine domar er altfor høge for han.
Han blæs åt alle sine motstandarar.
6Han seier med seg sjølv:
«Eg skal ikkje rikkast,
og aldri skal eg lida naud.»
7Hans munn er full av forbanning,
full av svik og vald;
han har urett og vondskap på tunga.
8Han ligg på lur ved gardane
og drep i løynd den skuldlause.
Han speidar etter sitt verjelause offer;
9han ligg på lur som løva i krattet
og vil gripa stakkaren frå sitt bakhald,
fanga han og ta han i garnet.
10Han dukkar seg ned og krøkjer seg saman,
og den verjelause fell for hans overmakt.
11«Gud gløymer,» seier han med seg sjølv,
«han løyner sitt andlet og ser aldri.»
12Reis deg, Herre!
Lyft di hand, Gud,
gløym ikkje dei hjelpelause!
13Kvifor skal dei gudlause vanvørda Gud
og seia med seg sjølve:
«Du krev ikkje til rekneskap?»
14Du ser både møde og sorg,
du ser det alt og tek det i di hand.
Den verjelause kan gje seg over til deg,
for du er ein hjelpar for farlause.
15Bryt armen på den som er gudlaus og vond,
krev han til rekneskap for hans gudløyse,
så ho ikkje må finnast meir.
16Herren er konge for evig og alltid,
framande folk skal rydjast ut or hans land.
17Herre, du høyrer kva dei hjelpelause ynskjer,
du vender øyra til og gjev dei mot.
18Dei som er farlause og trælka,
hjelper du til deira rett.
Menneske som er av jorda,
skal ikkje lenger valda redsle.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.