Amos 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Klagesong over Israel

1Høyr dette ordet, Israels ætt,

ein klagesong som eg syng om deg!

2Ho er fallen og reiser seg aldri meir,

Israel, den unge møy.

Ho ligg der bortslengd på si jord,

og ingen reiser henne opp.

3For så seier Herren Gud:

Den byen som sender ut tusen mann,

får berre hundre att,

og den som sender ut hundre mann,

får berre ti att – i Israels ætt.

Søk Herren, så skal de leva!

4Så seier Herren til Israels ætt:

Søk meg, så skal de leva!

5Søk ikkje til Betel,

kom ikkje til Gilgal,

og far ikkje over til Be'er-Sjeba!

For folket i Gilgal skal førast bort,

Betel skal verta uhyggjeleg audt.

6Søk Herren, så skal de leva!

Elles kjem han som eld over Josefs ætt;

elden øyder,

og det er ingen i Betel til å sløkkja. Dom over stormenn som gjer urett

7Dei gjer retten om til malurt

og kastar rettferda til jorda.

8Han som skapte Sjustjerna og Orion,

han som gjer stummande mørker til morgon

og dagen til svarte natt,

han som kallar på vatnet i havet

og auser det ut over jorda

– Herren er hans namn.

9Han lèt undergang lyna over borger,

lèt festningar siga i røys.

10Dei hatar menn som hevdar retten på tinget,

og styggjest ved dei som talar sant.

11De trakkar småkårsfolk ned

og krev korn i avgift av dei.

Difor skal de ikkje få bu

i dei hus de har bygt av tilhoggen stein,

og ikkje få drikka vin

frå dei herlege vingardar de har planta.

12For eg veit at dykkar brot er mange

og dykkar synder utan tal,

de som forfylgjer skuldlaust folk,

lèt dykk kjøpa for pengar

og driv fattigfolk bort frå retten.

13Difor teier den kloke i denne tid;

for ei vond tid er det.

Legg vinn på det gode!

14Legg vinn på det gode og ikkje det vonde,

så de får leva!

Då skal Herren, Allhærs Gud,

vera med dykk, som de seier.

15Hata det vonde og elska det gode,

hald retten høgt på tinget!

Så vil kanskje Herren, Allhærs Gud,

vera nådig mot Josefs rest. Sorg og klage

16Difor seier Herren,

Herren, Allhærs Gud:

På alle torg skal lik-klage lyda,

i alle gater skal dei ropa: «Ve!»

Dei skal henta bonden til syrgjehøgtid,

senda bod på folk som kan gråta og klaga.

17I alle vingardar skal dei jamra

når eg skrid fram imellom dykk,

seier Herren. Herrens dag

18Ve dykk som lengtar etter Herrens dag!

Kva vil de med Herrens dag?

Han er mørker og ikkje ljos.

19Det er som når ein mann

rømer frå ei løve og møter ein bjørn;

og kjem han heim og stør handa til veggen,

vert han biten av ein orm.

20Ja, mørk er Herrens dag og ikkje ljos,

kolmørk er han og utan ljoske.

21Eg hatar og styggjest ved festane dykkar,

stemnene dykkar byd meg imot.

22For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer,

så bryr eg meg ikkje om dei.

Og dykkar måltidsoffer med gjøkalvkjøt

ser eg ikkje på.

23Lat meg sleppa dine ståkande songar,

eg vil ikkje høyra ditt harpespel!

24Lat retten vella fram som vatn,

og rettferd lik bekker som aldri turkar.

25Bar de fram for meg slaktoffer og grødeoffer

dei førti åra i øydemarka, du Israels ætt?

26Og bar de Sakkut, kongen dykkar,

og Kevan, stjerna åt guden dykkar,

bileta som de har laga?

27Eg fører dykk i fangenskap

til landet bortanfor Damaskus,

seier Herren – Allhærs Gud er hans namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help