1Og eg stod attmed han til hjelp og vern det fyrste året medaren Dareios styrte.
2No vil eg kunngjera sanninga for deg.»Verdsrika og det heilage folket
Endå skal det koma tre kongar i Persia. Den fjerde skal samla seg større rikdom enn alle dei andre, og når rikdomen har gjort han mektig, skal han eggja alle til strid mot det greske riket.
3Så kjem det ein krigarkonge. Han skal få stort velde og gjera som han sjølv vil.
4Men så snart han har stått fram, skal riket hans bryta saman og delast i fire, etter himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For riket skal bryta saman og gå over til andre.
5Kongen i sør skal vinna stor makt. Men ein av fyrstane hans skal verta endå mektigare og vinna eit herredøme som er større enn hans.
6Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar.
7På den tid skal ein av renningane frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot fiendehæren og bryt inn i festninga åt kongen i nord og vinn.
8Jamvel gudane deira fører han som hærfang til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og dei dyre kara av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.
9Kongen i nord skal dra mot riket åt kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt.
10Sidan skal sønene hans bu seg til strid og samla store hærstyrkar. Ein av dei dreg inn i landet og fer over det som ein flaum. Men han bur seg på nytt og rykkjer fram mot festninga åt kongen i sør.
11Då vert han harm og dreg ut og strider mot kongen i nord, som fylkar ein stor hær; men hæren fell i fiendehand
12og vert bortsopt. Då vert kongen i sør hovmodig. Han feller mange tusen, men får likevel ikkje stor makt.
13Kongen i nord fylkar ein ny hær, som er endå større enn den fyrste. Og etter nokre år kjem han med ein stor hær og eit veldig tren.
14I dei tider gjer mange opprør mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt reiser seg, så synet vert stadfest; men dei fell.
15Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Styrkane frå sør held ikkje stand; ikkje eingong dei beste mellom dei maktar å gjera motstand.
16Fienden som kjem mot dei, kan gjera som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det fagre landet og fører øydelegging med seg.
18Så vender han seg mot landa langsmed havet og tek mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på hovmodet hans og gjev han att for stormodet hans.
19Då vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han snåvar og fell, og det er ute med han.
20I hans stad skal det koma ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er ein prydnad for riket. Kort tid etter vert han knust, men ikkje på grunn av Guds vreide og ikkje i krig. Den vonde kongen
21I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list.
22Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta.
23Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet.
24Uventa gjer han innfall i dei grøderikaste bygdene i landet og gjer slikt som korkje fedrane hans eller deira fedrar har gjort. Gods som han har røva og teke, strøyer han ut til folket sitt. Han legg planar om åtak på festningsbyane; men det varer berre ei tid.
25Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør bur seg òg til krig med ein stor og mannsterk hær. Men han kan ikkje stå seg, for det vert lagt vonde planar mot han.
26Dei som et ved hans bord, bryt hans makt. Hæren hans vert bortsopt, og mannefallet er stort.
31Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.
36Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast.
38I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.
39Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.
40I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum.
41Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane. 8,9; 11,16
42Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri.
43Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han.
44Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden.
45Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.