4. Mosebok 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Trompetsignal og oppbrot

1Herren sa til Moses:

2Lag deg to trompetar av hamra sølv! Dei skal du bruka når du kallar saman folket, og når leiren skal flyttast.

3Blæs dei i begge trompetane, skal heile folket samla seg hjå deg framfor møteteltdøra.

4Blæs dei berre i den eine, skal hovdingane, førarane for Israels fylkingar, samlast hjå deg.

5Men blæs de alarm, skal dei som har leiren sin i aust, ta i veg.

6Og blæs de alarm andre gongen, skal dei som har leiren sin i sør, ta i veg. Alarmen skal vera signal til oppbrot.

7Når de kallar folket saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa alarm.

8Det er prestane, Arons-sønene, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei fast lov for dykk, frå ætt til ætt. Israelittane tek ut frå Sinai

11I det andre året, den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå lovteltet.

12Då tok israelittane ut frå Sinai-øydemarka og drog fram, dagslei etter dagslei. Skya stogga i Paran-øydemarka.

18Fylkinga åt Rubens-sønene tok ut frå leiren, flokk etter flokk. Og Elisur, son til Sjede'ur, var føraren deira.

19Førar for Simeons-ætta var Sjelumiel, son til Surisjaddai.

20Og førar for Gads-ætta var Eljasaf, son til De'uel.

21Så tok Kehat-sønene i veg, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle heilagdomen reisast.

34Når dei tok ut frå leiren, heldt Herrens sky seg over dei om dagen.

35Kvar gong kista tok ut, sa Moses:

«Reis deg, Herre!

Lat dine fiendar verta spreidde

og dine motstandarar røma for deg!»

36Og når ho slo seg ned, sa han:

«Kom attende, Herre,

til dei mange tusen i Israels ætter!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help