1. Krønikebok 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Levittane får kvar sine gjeremål

1Då David var gamal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel. 1 Kong 1,33–40

2Så kalla han saman alle hovdingane i Israel og prestane og levittane.

3Det vart halde manntal over levittane, så mange som var tretti år eller meir, og talet på menn var trettiåtte tusen.

4Kongen sa: «Av desse skal tjuefire tusen stå for arbeidet på Herrens hus, og seks tusen skal vera tilsynsmenn og domarar.

5Fire tusen skal vakta dørene, og fire tusen skal lovsyngja Herren til tonar frå dei instrument som eg har fått laga til bruk ved lovsongen.»

6David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.

7Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi. 2 Mos 6,17

8Sønene til Ladan var Jehiel, som var hovding, og Setam og Joel, tre i talet.

9Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i talet. Det var hovdingane i Ladan-ættene.

10Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je'usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i talet.

11Jahat var hovding, så kom Sisa. Je'usj og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for ei ættgrein, eitt yrkeslag.

12Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i talet. 2 Mos 6,18

13Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla dei høgheilage tinga, bera fram offer for Herren og lysa velsigning i hans namn til evig tid. 2 Mos 6,20; 5 Mos 10,8; Hebr 5,4

14Men sønene til Moses, gudsmannen, skulle reknast til Levi-ætta.

15Sønene hans var Gersjom og Elieser.

16Gersjom hadde sonen Sjubael, som var hovding.

17Son til Elieser, Rehabja, var òg hovding. Elieser hadde ikkje fleire søner, men sønene til Rehabja var svært mange.

18Jishar hadde sonen Sjelomit, som var hovding.

19Av Hebron-sønene var Jeria hovding; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam.

20Av Ussiel-sønene var Mika hovding, og så kom Jisjia.

21Merari-sønene var Makli og Musji. Sønene til Makli var Elasar og Kisj.

22Då Elasar døydde, var det ingen søner etter han, berre døtrer; dei gifte seg med frendane sine, sønene til Kisj.

23Sønene til Musji var Makli, Eder og Jeremot, tre i talet.

24Dette var Levi-sønene, kvar ættgrein for seg, alle ættehovdingane som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.

25David sa: «No har Herren, Israels Gud, gjeve folket sitt ro og vil bu i Jerusalem til evig tid.

26Difor treng ikkje levittane bera teltet meir, eller noko av alt det som høyrer med til tenesta der.»

27For det var etter dei siste føresegnene frå David at det vart halde manntal over levittane, så mange som var tjue år eller meir.

28Det dei fekk i oppgåve, var å hjelpa Arons-sønene med tenesta i Herrens hus. Dei skulle ha tilsyn med føregardane og sideroma, syta for at alt det heilage vart halde reint, og greia alt arbeid som fylgde med tenesta i Guds hus –

29stella med skodebrøda, kveitemjølet til grødeofferet og dei usyrte brødleivane, med det som vert steikt på helle, og med deigen som vert knadd; dei skulle òg sjå etter alle mål, både holmål og lengdemål. 3 Mos 2,4–7; 6,14; 24,5–9

30Kvar morgon skulle dei stå og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.

31Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart frambore brennoffer for Herren, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene. Så ofte som fastsett var, skulle dei stiga fram for Herren.

32Såleis skulle dei syta for tenesta i møteteltet og heilagdomen, den tenesta som Arons-sønene, brørne deira, tek seg av i Herrens hus.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help