5. Mosebok 34 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Moses døyr

1Så gjekk Moses frå Moab-slettene opp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisga-fjellet og ligg midt for Jeriko. Og Herren synte han heile landet: Gilead alt til Dan,

4Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje ætta deira. No har eg late deg sjå det for augo dine, men du får ikkje koma inn i det.»

5Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab, som Herren hadde sagt.

6Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Og til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.

7Moses var hundre og tjue år gamal då han døydde. Men endå hadde han ikkje dimst på synet, og livskrafta var ikkje kvorven.

9Men Josva Nunsson var fylt med visdomsånd, fordi Moses hadde lagt hendene på han. Og israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.

10Aldri meir steig det fram i Israel ein profet som Moses, som Herren gav seg til kjenne for, åsyn til åsyn. 2 Mos 33,11; 4 Mos 12,8

11Kom i hug alle dei teikn og under Herren sende han til å gjera i Egypt, med farao og alle tenarane hans og heile landet hans.

12Og kom i hug den sterke handa og alle dei store, agelege gjerningane som Moses gjorde for augo på heile Israel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help