Esekiel 43 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens herlegdom kjem til templet

1Så førte han meg til porten, den porten som vender mot aust.

2Og sjå, der kom herlegdomen åt Israels Gud frå aust. Lyden av han var som duren av store vassmengder, og jorda lyste av herlegdomen hans.

6Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg.

7Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde.

9Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10Du menneske, tal til Israels-ætta om templet, kva mål det har og korleis det ser ut, så dei må skjemmast av si synd og skuld.

11Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til planen for templet og innreiinga, utgangane og inngangane der og alle lovene og føreskriftene for det. Skriv dei opp for augo deira, så dei kan ta vare på alle lovene og føreskriftene og leva etter dei.

12Dette er føreskrifta om templet: Heile området ikring det på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er føreskrifta om templet.

Føreskrifter om altaret

13Dette er måla på altaret, mælt med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Fotstykket var ei alen høgt og ei alen breitt, og steinkanten ikring var eitt spann. Dette var underlaget under altaret.

22Dagen etter skal du ofra ein lytelaus bukk som syndoffer. Med den skal dei reinsa altaret for synd så som dei reinsa det med oksen.

23Når du er ferdig med reinsinga, skal du ofra ein lytelaus ungokse av storfeet og ein lytelaus ver av småfeet.

24Du skal leia dei fram for Herren. Prestane skal strøya salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren.

25I sju dagar skal du dagleg ofra ein bukk som syndoffer. Dei skal òg ofra ein ungokse av storfeet og ein ver av småfeet, begge utan lyte. 3 Mos 8,33–35

26I sju dagar skal dei gjera soning for altaret, reinsa det for synd og vigsla det. 3 Mos 8,33

27Når desse dagane er til ende, skal prestane den åttande dagen og alltid sidan bera fram på altaret brennoffer og måltidsoffer for dykk. Og då skal eg ha hugnad i dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help