1Lyd etter, himmel, eg vil tala,
høyr orda frå min munn, du jord!
2Lat læra mi risla som regn,
talen min drypa som dogg,
som regnskurer på grøne graset,
som regndropar over det som gror.
3Herrens namn vil eg forkynna,
og de skal gje vår Gud ære.
4Han er Berget,
fullkome er hans verk,
rettferdige er alle hans vegar.
Ein trufast Gud, utan svik,
rettferdig og rettvis er han.
5Dei som ikkje er hans born,
sveik honom med si vonde ferd,
ei svikefull og rangsnudd ætt.
6Er det så de løner Herren,
du fåvise og uvituge folk?
Er ikkje han din far og skapar,
han som skapte deg og rusta deg ut?
7Kom framfarne dagar i hug,
gjev akt på åra frå ætt til ætt!
Spør far din, han fortel deg,
dei gamle, dei gjev deg svar.
8Då Den Høgste gav folkeslaga land
og skilde menneska frå kvarandre,
sette han grenser mellom folka
etter talet på Israels søner.
9Herrens del vart hans eige folk,
Jakob vart hans arvelut.
10Herren fann han i øydemarka,
i tome audna med ulande lydar.
Han verna han og sytte for han
og vakta han som sin augnestein.
11Som ei ørn sviv over ungane sine
når ho lèt dei flyga frå reiret,
så breidde han ut sine vengefjører,
tok og bar han på sine venger.
12Einast Herren førte han,
ingen framand gud var med han.
13Han lét han fara over høgdene i landet
og eta av grøda på marka.
Han lét han suga honning or berget
og olje or harde fjellet.
14Han gav han rjome frå buskapen,
mjølk av småfe og feitt av lam,
av Basan-verar og bukkar,
og den feitaste mergen av kveiten.
Drueblod drakk du, skummande vin.
15Jesjurun vart feit og spente bakut;
du vart feit og tjukk og stinn.
Han vraka Gud som hadde skapt han,
og viste vanvørdnad for sitt frelsande berg.
16Dei eggja han med framande gudar
og harma han med styggedom.
17Dei ofra til ånder som ikkje er gudar,
til guddomar dei ikkje kjende,
nye og nyst oppkomne,
gudar som fedrane ikkje visste om.
18Berget, ditt opphav, ansa du ikkje,
du gløymde Gud som fødde deg.
19Då Herren såg det, støytte han dei bort,
for hans søner og døtrer hadde krenkt han.
20Han sa: Eg vil løyna mitt åsyn for dei
og sjå korleis det går dei til sist;
for dei er ei rangsnudd ætt,
born som ein aldri kan lita på.
21Dei eggja meg med sine avgudar,
med gagnlause gudar harma dei meg.
Så vil eg eggja dei med eit ufolk,
krenkja dei med eit uvitug folk.
22For i min vreide har eg kveikt ein eld,
han brenn til djupaste dødsriket.
Han øyder jorda og hennar grøde
og set grunnvollen under fjella i brann.
23Eg hopar opp ulukker over dei
og brukar alle mine piler mot dei.
24Kraftlause vert dei av svolt,
dei tærest av pest og farleg sott.
Så sender eg mot dei villdyrtenner
og eiter av ormar som kryp på jorda.
25Sverdet skal herja på gata,
redsle inne i kammera.
Gutar og jenter vert rivne bort,
spedbarn og gråhåra mann.
26Eg tenkte eg skulle knusa dei,
rydja ut deira minne mellom folk.
27Men eg ottast at fiendane skulle krenkja meg,
at deira motstandarar ville mistyda det og seia:
«Det er vår hand som er sterk;
det var ikkje Herren som gjorde dette.»
28Dei er eit folk utan råd som duger,
og dei har inkje skjøn.
29Var dei vise, fekk dei tak i dette,
då visste dei kvar det bar av.
30Korleis kan ein mann forfylgja tusen
og to slå ti tusen på flòg,
om ikkje deira berg har selt dei,
om ikkje Herren har gjeve dei opp?
31For deira berg er ikkje som vårt,
det kan våre fiendar døma om.
32Deira vintre er runne av Sodomas vintre,
det kjem frå Gomorras vingardar.
Druene deira er giftige bær
og drueklasane beiske.
33Vinen deira er ormegift,
grufullt ormeeiter.
34Alt dette er gøymt hjå meg,
forsegla i mitt forrådskammer
35til dagen som kjem med hemn og attergjeld,
den tid då foten deira vert ustø.
Ja, deira ulukkedag er nær;
snart kjem det som ventar dei.
36Men Herren vil syta for
at hans folk får sin rett,
og ha medkjensle med sine tenarar;
for han ser at deira makt er borte,
det er ute både med træl og fri.
37Så spør han: Kvar er no deira gudar,
berget dei leit på,
38som åt feittet av deira slaktoffer
og drakk vinen dei ofra som drikkoffer?
Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,
lat dei gje dykk livd og vern!
39Sjå no, berre eg er Gud,
det finst ingen annan gud enn eg.
Eg tek liv, og eg gjev liv,
eg sårar, og eg lækjer;
og ingen kan berga or mi hand.
40Eg lyfter mi hand mot himmelen og seier:
Så sant eg lever evig,
41når eg kvesser mitt lynande sverd
og retter ut mi hand til doms,
då tek eg hemn over mine fiendar,
gjev mine motstandarar det dei fortener.
42Eg gjer mine piler drukne av blod,
blodet av falne og fangar,
og lèt mitt sverd eta kjøt,
hovud av fiendens hovdingar.
43Pris hans folk, de folkeslag,
for han hemner blodet åt sine tenarar.
Han tek hemn over sine fiendar
og gjer soning for sitt land og folk.
44Moses kom og bar fram heile dette kvadet, han og Josva Nunsson, medan folket høyrde på.
45Og då Moses var ferdig med å bera fram alle desse orda for heile Israel,
46sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei. Herren talar med Moses om hans død
48Same dagen tala Herren til Moses og sa:
49«Stig opp på Abarim-fjellet, på Nebo-tinden, som ligg i Moab, midt for Jeriko, så skal du få sjå Kanaan, det landet som eg gjev israelittane til eige.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.