1Når ein mann
sender frå seg kona si,
og ho går bort og gifter seg med ein annan,
kan han då koma til henne att?
Ville ikkje landet reint verta vanhelga?
Og så skulle du
som har drive utukt med mange menn,
koma att til meg! seier Herren.
2Lyft augo til dei snaue høgdene og sjå!
Finst det ein stad der du ikkje lét deg ta?
Frammed vegane sat du og venta på elskarar
som ein arabar i øydemarka.
Du vanhelga landet med utukt og vondskap.
3Difor kom ikkje regnskurene,
og det regnde ikkje om våren.
Du hadde ei mine som ei horkvinne,
du ville ikkje skjemmast.
4Likevel ropa du nyleg til meg:
«Min far, du er min ungdomsven.
5Vil han vera evig vreid
og alltid gøyma på harme?»
Såleis tala du,
men det du gjorde,
var vondt, og det til gagns. Vend om, du fråfalne!
6Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der. Samlinga på Sion
14Vend om, de fråfalne søner! lyder ordet frå Herren. For eg er herren dykkar. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei ætt, og føra dykk til Sion.
18I dei dagane skal Juda-ætta gå i lag med Israels-ætta, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til odel og eige.
Israel sannar si synd19Eg sa: Kor høgt eg ville setja deg mellom søner!
Eg ville gje deg eit herleg land,
den fagraste arv mellom folka.
Eg tenkte de ville kalla meg far
og aldri venda dykk bort frå meg.
20Men liksom ei kvinne er trulaus mot venen sin,
var du trulaus mot meg, du Israels ætt,
lyder ordet frå Herren.
21Høyr, det lyder gråt på dei snaue høgdene,
audmjuke bøner frå Israels-folket;
for dei har gått på vonde vegar,
dei har gløymt Herren sin Gud.
22Snu om, de fråfalne søner,
så skal eg lækja dykkar fråfall.
«Sjå her, vi kjem til deg,
for du er Herren vår Gud.
23Det er lygn og svik, det som hender på haugane,
det ville ståket på fjella.
Sanneleg, berre hjå Herren vår Gud
er det frelse for Israel.
24Heilt frå vår ungdom
har Skamma ete opp
det fedrane våre sleit i hop,
sauene og oksane deira,
ja, sønene og døtrene med.
25Så lat oss liggja i vår skam,
lat vanæra breia seg over oss!
For vi har synda mot Herren vår Gud,
både vi og våre fedrar,
frå vår ungdom til denne dag;
vi har vore ulydige mot Herren vår Gud.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.