1Så kom Jesus til Jeriko og fór gjennom byen.
2Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik.
3Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten på vokster.
4Då sprang han i førevegen og kleiv opp i eit morbærtre, så han kunne få sjå han, for der laut han koma framom.
5Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus.»
6Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.
7Alle som såg det, murra og sa: «Han tek inn hjå ein syndig mann.» Likninga om punda(Matt 25,14–30)
11Medan dei høyrde på dette, fortalde Jesus endå ei likning; for han var nær Jerusalem, og mange meinte at Guds rike snart skulle koma til syne.
12Han sa:
Det var ein gong ein høgætta mann som ville fara til eit land langt borte; der skulle han verta innsett til konge og så koma heim att.
15Då han no kom att og hadde vorte konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent.
16Den fyrste kom fram og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.»
17«Det var rett, du gode tenar,» sa kongen. «Fordi du har vore tru i lite, skal du få styra ti byar.»
27Men desse fiendane mine, som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, dei skal de føra hit og hogga ned for augo mine.»
Jesus kjem til Jerusalem(19,28–21,4)Jesus rid inn i Jerusalem(Matt 21,1–11; Mark 11,1–11; Joh 12,12–16)28Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på ferda opp mot Jerusalem.
39Nokre farisearar som var med i folkemengda, sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rettes!»
40Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»
Jesus græt over Jerusalem41Då Jesus kom nærare og såg byen, gret han over han Mitt hus skal vera eit bønehus(Matt 21,12–17; Mark 11,15–19; Joh 2,13–16)
45Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som dreiv handel der.
46Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.»
47Sidan var han kvar dag i templet og lærte. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket hadde hug til å rydja han or vegen. 21,37; 22,53; 20,19; 22,2
48Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle bera seg åt, for alt folket heldt seg nær til han og høyrde på han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.