Galatarane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Helsing

1Paulus, apostel, ikkje kalla av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud Fader, som reiste han opp frå dei døde –

3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus,

4han som gav seg sjølv i døden for våre synder, så han kunne fria oss ut frå den noverande vonde verda, etter Gud, vår Fars vilje. Berre eitt evangelium

6Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium.

7Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. Apostelkallet til Paulus

10Prøver eg no å verta godkjend av menneske – eller av Gud? Prøver eg kanskje å gjera menneske til lags? Var det menneske eg framleis ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar.

18Fyrst tre år seinare drog eg til Jerusalem; eg ville spørja meg føre hjå Kefas, og eg vart verande hjå han i fjorten dagar. Apg 9,26

19Nokon annan av apostlane vitja eg ikkje, berre Jakob, Herrens bror. Matt 13,55

20Det eg her skriv til dykk, er sant, Gud veit at eg ikkje lyg.

21Sidan kom eg til Syria og Kilikia. Apg 9,30

22Dei kristne kyrkjelydane i Judea kjende meg ikkje personleg.

23Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfylgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å rydja ut. Apg 9,21; Gal 1,13

24Og dei lova Gud for det han hadde gjort med meg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help