1Ver stille, de øyar og strender,
og høyr på meg,
lat folka samla nye krefter!
Lat dei koma og tala si sak,
lat oss saman gå fram for retten!
2Kven har vekt den mannen frå aust
som sigeren møter kvar han set foten?
Kven gjev folkeslag i hans makt
og lèt han råda over kongar?
Med sverdet gjer han dei lik støv,
med bogen lik fykande halmstrå.
3Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
er berre så vidt nedpå vegen med foten.
4Kven var det som sette dette i verk?
Han som frå opphavet kalla ættene fram.
Eg, Herren, er den fyrste,
og eg skal vera hjå dei siste.
5Øyar og strender ser det og reddast,
heimsens endar skjelv.
Dei stimar i hop og kjem.
Gudebilete er menneskeverk6Den eine hjelper den andre og seier:
«Gå frimodig til verket!»
7Meisteren set mot i gullsmeden,
den som bankar til metallet med hamar,
set mot i han som slår på ambolten.
Han seier om loddinga: «Ho er god.»
Så fester dei biletet med naglar,
og det står støtt. Herren er med Israel
8Men du Israel, min tenar,
Jakob, som eg har valt ut,
du ætt av Abraham, min ven!
9Eg henta deg frå heimsens endar
og kalla deg frå den ytste utkant.
Eg sa til deg: «Du er min tenar,
eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»
10Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Sjå deg ikkje rådvill ikring,
for eg er din Gud!
Eg styrkjer deg og hjelper deg
og held deg oppe med mi frelsarhand.
11Sjå, dei vert til spott og skam,
alle som harmast på deg.
Dei vert til inkjes, går til grunne,
dei som set seg opp mot deg.
12Om du leitar, finn du dei ikkje,
dei som står deg imot.
Dei går heilt til grunne,
dei som strider mot deg.
13For eg er Herren din Gud,
som har gripe di høgre hand
og seier til deg: «Ver ikkje redd!
Eg hjelper deg.»
14Ver uredd, Jakob, du arme kryp,
og de, Israels menn!
Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,
Israels Heilage er din utløysar.
15Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,
kvass og ny, med mange taggar!
Du skal treskja fjell og krasa dei,
og haugar skal du gjera lik agner.
16Du skal kasta dei i veret, så vinden tek dei,
og stormen spreier dei vidt ikring.
Men sjølv skal du jubla i Herren
og rosa deg av Israels Heilage. Herren gjer under i øydemarka
17Dei arme og fattige leitar fåfengt etter vatn,
medan tunga brenn av torste.
Eg, Herren, vil høyra deira bøn,
Israels Gud går ikkje frå dei.
18Eg lèt elvar strøyma fram på snaue høgder
og kjelder midt i dalar.
Eg gjer øydemarka til sevgrodd tjørn
og turre landet til ein kjeldevang.
19Eg lèt sedrar veksa i øydemarka,
akasie, myrt og oliventre.
Eg plantar sypress på den aude hei
saman med gran og buksbom,
20så alle kan sjå og vita
at Herrens hand har gjort det,
leggja seg på hjarta og skjøna
at Israels Heilage har skapt det.
Herren eller avgudane21Legg fram dykkar sak! seier Herren.
Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
22Lat dei koma og kunngjera oss
det som sidan skal henda.
Fortel oss kva som før har hendt,
så vi kan merka oss det!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
så vi kan vita kva utgangen vert!
23Kunngjer det som eingong skal henda,
så vi kan skjøna at de er gudar!
Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
så vi alle kan sjå det og undrast!
24Sjå, de er reine inkjevetta,
og det de gjer, er ingenting verdt.
Ein styggedom er det å velja seg dykk.
25Eg har vekt ein mann frå nord,
og han kjem, frå eit land i aust;
han skal kalla på mitt namn.
Styresmenn trakkar han ned som søle,
liksom pottemakaren stampar leire.
26Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
så vi kunne vita det?
Kven forkynte det i gamal tid,
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen har kunngjort det,
ingen har sagt frå,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27Eg er den fyrste som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
ikkje ein som kan gje råd,
så eg kunne spørja og få svar.
29Nei, alle er dei inkjevetta,
og det dei gjer, er ingenting verdt.
Gagnlause er deira støypte bilete.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.