Forkynnaren 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Rikdom gjer ingen nøgd

1Ei ulukke har eg sett under sola,

ho kviler tungt på menneska:

2Det hender at Gud gjev ein mann

både rikdom og gods og ære,

så han ikkje vantar noko

av alt det han ynskjer seg.

Men Gud lèt han ikkje nyta godt av det,

ein framand et det opp.

Det er meiningslaust, beiskt og vondt.

3Ein mann kan få hundre born

og leva i mange år.

Men har han ikkje glede av alt det gode,

kor lenge han lever,

og får han heller ikkje ei grav,

då vil eg seia:

«Eit ufullbore foster er betre fare enn han.»

4For det kjem livlaust til verda,

i mørker går det bort,

og i mørker får det namnet sitt løynt.

5Det har ikkje sett dagsens ljos

og kjenner ikkje sola.

Likevel kviler det betre enn han,

6om han så hadde levt

i to gonger tusen år,

men ikkje fått røyna lukka.

Fer ikkje alle til same staden?

7Mennesket strevar berre for maten,

men det får aldri stetta sin trong.

8Kva føremon har den vise framfor dåren?

Kva hjelper det ein stakkar å vita

korleis han skal ferdast i livet?

9Det er betre å sjå på det ein har,

enn å gå der med hug på noko anna.

Det òg er fåfengd og jag etter vind. Kven veit kva som er best?

10Alt som er til,

er nemnt med namn for lenge sidan;

og det er føreåt kjent kva eit menneske skal verta.

Ingen kan føra sak

mot den som er sterkare enn han sjølv.

11For di fleire ord, di større fåfengd,

og kva gagn har mennesket av det?

12Ja, kven veit kva som er best

for menneska her i livet,

alle dei fåfengde dagane

dei lever som ein skugge?

Kven kan fortelja menneska

kva som skal henda etter dei under sola?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help