1. Korintar 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

4Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.

5Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde.

6Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.

8Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt.

9For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege.

12No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 2 Kor 5,7; 1 Joh 3,2

13Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help