Forkynnaren 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Du veit ikkje kva som vil lukkast

1Kast brødet ditt på vatnet;

for med tida finn du det att.

2Del det du har med sju eller åtte;

for du veit ikkje kva for ulukker

som kan henda på jorda.

3Når skyene vert fulle av regn,

auser dei det ut over jorda.

Fell eit tre, mot sør eller nord,

vert det liggjande der det fall.

4Den som aktar på vinden, får ikkje så,

den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.

5Likså lite som du veit

kva veg vinden blæs,

eller korleis beina vert til

hjå fosteret i mors liv,

likså lite kan du vita

korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk.

6Så ditt sæde om morgonen,

og lat ikkje handa kvila om kvelden.

Du veit då ikkje kva som vil lukkast,

anten det eine eller det andre,

eller om alt er like godt.

Gled deg!

7Ljoset er ein hugnad for auga,

det gjer godt å sjå sola.

8Om åra vert mange, skal mennesket leva

og gleda seg over dei alle.

Det skal tenkja på dei mørke dagar,

for av dei vert det mange.

Alt som skal koma, er fåfengd.

9Gled deg, ungdom, medan du er ung,

ver glad og nøgd i livsens vår!

Gå på dei vegar som hjarta vil,

fylg det som lokkar ditt auga!

Men vit at Gud skal krevja deg til rekneskap

for alt det du har gjort.

10Få sutene ut or din hug,

og hald det vonde frå livet!

For ungdomstida, livsens vår,

kverv som ein pust.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help