Jeremia 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Babylonarkongen skal tukta Israel

1Dette er det ordet som kom til Jeremia om heile Juda-folket, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og det fyrste året Nebukadnesar var konge i Babylonia,

8Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord,

9sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære.

12Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid.

13Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga.

14For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.

Staupet med Herrens vreidevin

15Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det!

21folket i Edom, Moab og Ammon,

22alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet;

23folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen;

27Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir. Høyr kor hyrdingane skrik!

30Du skal tala alle desse profetorda til dei og seia:

Herren skal torna frå det høge,

la si røyst ljoma frå sin heilage bustad.

Han tornar over si beitemark,

ropar lik folk som trakkar druer,

til alle som bur på jorda,

31og lyden når heilt til heimsens ende.

For Herren har sak med folka,

alle som lever, stemner han for retten.

Dei gudlause gjev han over til sverdet,

lyder ordet frå Herren.

32Så seier Herren, Allhærs Gud:

Ei ulukke skal spreia seg

frå folk til folk.

Med eit veldig uver ber det laust

frå ytste enden av jorda.

33Den dagen skal folk som Herren har drepe, liggja der frå den eine enden av jorda til den andre. Ingen held syrgjehøgtid over dei, ingen samlar og gravlegg dei. Til gjødsel på marka skal dei verta.

34Klag og skrik, de hyrdingar,

velt dykk i støvet,

de herrar over flokken!

For tida er komen

då de skal slaktast og spreiast;

de skal falla liksom utvalde kjerald.

35Hyrdingane finn ikkje livd,

det er inga berging

for dei som er herrar over flokken.

36Høyr kor hyrdingane skrik,

og leiarane i flokken klagar!

For Herren herjar beita deira,

37fredelege beitemarker ligg aude,

av di Herren er brennande vreid.

38Som ungløva har han gått ut frå si gøymsle.

No har Herren i sin brennande vreide

lagt landet i øyde med sitt veldige sverd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help