Jona 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jonas harme og Guds nåde

1Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm.

2Han bad til Herren: «Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma.

5Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austanfor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta. Han ville sjå korleis det gjekk med byen.

6Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken.

7Men morgonen etter, då det ljosna av dag, sende Gud ein orm, og han stakk ricinus-busken så han visna.

8Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind, og sola stakk Jona i hovudet så han vart heilt utmødd. Han ynskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.»

9Men Gud sa til Jona: «Har du grunn til å vera harm over ricinus-busken?» Han svara: «Ja, eg har så god grunn til å vera harm at eg kunne døy.»

10Då sa Herren: «Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt.

11Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help