1Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!»
10Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro.
11Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»
12Då kom ånda og lyfte meg opp, og bak meg høyrde eg ei sterk, ljomande røyst: «Lova vere Herrens herlegdom frå hans bustad!» Profeten skal åtvara dei gudlause
16Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
17Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.
25Og no, du menneske, skal dei slå tog ikring deg og binda deg fast med dei, så du ikkje kan koma ut mellom folket.
26Eg lèt tunga di hanga fast ved ganen, så du vert mållaus og ikkje kan refsa dei. For ei trassig ætt er dei. 24,27
27Men når eg så talar med deg, vil eg opna munnen din. Då skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Den som vil høyra, han får høyra, men den som ikkje vil, får la det vera. For ei trassig ætt er dei.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.