Lukas 17 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Forføring og tilgjeving(Matt 18,6–7.21–22; Mark 9,42)

1Han sa til læresveinane: «Det lyt koma forføringar; anna er ikkje råd. Men ve den som dei kjem ifrå!

2Det var betre for han at det låg ein kvernstein om halsen på han, og han var kasta i havet, enn at han skulle forføra ein av desse små.

3Ta dykk i vare!

Syndar bror din, så tal han til rettes, og angrar han, så tilgjev han.

7Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjæter, seier han då til han når han kjem heim frå marka: Kom no og set deg til bords?

8Nei, han vil seia: Lag til kveldsmat åt meg, gjer deg så i stand og set fram for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.

9Takkar han tenaren for at han gjorde det han var føresagd? Eg trur ikkje det.

10Såleis med dykk òg. Når de har gjort alt det de var føresagde, skal de seia: Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår.»Den takksame samaritanen

11Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Når Guds rike kjem(Matt 24,26–28.37–41)

20Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo.

22Til læresveinane sa han:

Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det.

23Folk skal seia til dykk: «Sjå der,» eller «Sjå her er han.» Gå ikkje dit og fylg ikkje etter!

26Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

37Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help