Romarane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Helsing

1Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. Paulus vil gjerne vitja Roma

8Fyrst av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda talar dei om trua dykkar. Guds dom over heidenskapen

18Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett.

19For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det.

28Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.

29Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. Matt 15,19; Rom 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ff

30Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre.

31Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta.

32Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help