1Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand.
3Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»
6Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» Kristus kjem att og sigrar(19,11–22,5)Sigerherren på den kvite hesten
11Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.
17Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.