1Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.
2Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.
4Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»
5Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»
6Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
9Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?»
12Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?»
13Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg.
14Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.