Salmane 101 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Truskap og rett

1Av David. Ein salme.

Eg vil syngja om truskap og rett,

deg vil eg lovsyngja, Herre.

2Eg vil gje akt på den fullkomne vegen.

Når vil du koma til meg?

Med ærleg hjarta

vil eg ferdast i mitt hus.

3På nidingsverk vil eg ikkje tenkja.

Eg hatar å bryta lova,

slikt skal ikkje hefta ved meg.

4Alt som er falskt,

skal bort frå mitt hjarta!

Eg vil ikkje vita av det vonde.

5Den som baktalar sin neste,

han vil eg tyna.

Eg kan ikkje tola

den som har stolte augo

og eit hovmodig hjarta.

6Eg ser på dei trufaste i landet,

dei skal få bu hjå meg.

Den som går den fullkomne vegen,

han skal tena meg.

7Men den som fer med svik,

skal ikkje få bu i mitt hus.

Ingen som talar lygn,

skal verta ståande for mine augo.

8Morgon etter morgon gjer eg ende på

alle gudlause i landet,

og alle ugjerningsmenner

rydjar eg ut or Herrens by.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help