Esra 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei framande konene og borna deira vert bortsende

1Medan Esra låg gråtande framfor Guds hus og bad og sanna synda åt folket, samla det seg kring han ei stor mengd med israelittar, menn, kvinner og born, og folket gret sårt.

2Sjekanja, son til Jehiel, som høyrde Elam-ætta til, tok då til ords og sa til Esra: «Vi har vore trulause mot vår Gud og teke oss koner mellom dei framande folka her i landet. Likevel er det enno von for Israel.

3Lat oss no gje Gud den høgtidelege lovnaden at vi skal senda frå oss alle desse konene og borna deira. Det er det rådet vi har fått frå Herren, og av dei mennene som har age for bodet frå vår Gud. Lat oss fara fram etter lova.

4Stå opp, for det er du som må syta for dette, men vi skal hjelpa deg. Ver ved godt mot og gå til verket!»

5Då reiste Esra seg og lét dei øvste prestane og levittane og hovdingane over heile Israel gjera eid på at dei skulle fara åt som det var sagt; og dei gjorde eid på det.

6Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i romet åt Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over, og han smaka korkje mat eller drikke; for han syrgde over utruskapen åt dei heimkomne.

7Så sende dei ut melding til alle som var komne heim til Judea og Jerusalem, at dei skulle samlast i Jerusalem.

8Hovdingane og dei eldste hadde avgjort at den som ikkje kom innan tre dagar, skulle få all sin eigedom bannlyst og sjølv verta utestengd frå lyden av dei heimkomne.

9Alle mennene frå Juda og Benjamin samla seg no i Jerusalem på tre dagar. Den tjuande dagen i den niande månaden sat alt folket på plassen framfor Guds hus, og dei skalv både på grunn av denne saka og fordi det regnde.

10Då reiste presten Esra seg og sa: «De har vore trulause og teke framande kvinner til koner; såleis har de gjort Israels skuld stor.

16Men dei heimkomne gjorde som det var sagt. Presten Esra valde ut nokre menn som var hovdingar for kvar si ætt, og alle vart nemnde med namn. Dei kom saman den fyrste dagen i den tiande månaden og tok til med granskingsarbeidet.

17Og den fyrste dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med alle dei mennene som hadde gift seg med framande kvinner.

18Dei fann at desse prestesønene hadde gift seg med framande kvinner: Ma'aseja, Elieser, Jarib og Gedalja, søner og brør til Josva, son til Josadak.

19Dei lova med handslag at dei skulle senda frå seg konene sine, og bar fram ein ver som skuldoffer.

20Av Immer-ætta Hanani og Sebadja;

21av Harim-ætta Ma'aseja, Elia, Sjemaja, Jehiel og Ussia;

22av Pasjkur-ætta Eljoenai, Ma'aseja, Ismael, Netanel, Josabad og Elasa.

23Av levittane: Josabad, Sjimi, Kelaja – det er den same som Kelita – Petakja, Juda og Elieser.

24Av songarane: Eljasjib, og av portvaktarane: Sjallum, Telem og Uri.

25Av dei andre israelittane: Av Parosj-ætta Ramja, Jissia, Malkia, Mijjamin, Elasar, Malkia og Benaja;

26av Elam-ætta Mattanja, Sakarja, Jehiel, Abdi, Jeremot og Elia;

27av Sattu-ætta Eljoenai, Eljasjib, Mattanja, Jeremot, Sabad og Asisa;

28av Bebai-ætta Johanan, Hananja, Sabbai og Atlai;

29av Bani-ætta Mesjullam, Malluk, Adaja, Jasjub, Sjeal og Jeremot;

30av Pakat-Moab-ætta Adna, Kelal, Benaja, Ma'aseja, Mattanja, Besalel, Binnui og Manasse;

31av Harim-ætta Elieser, Jisjia, Malkia, Sjemaja, Simeon,

32Benjamin, Malluk og Sjemarja;

33av Hasjum-ætta Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse og Sjimi;

34av Bani-ætta Ma'adai, Amram, U'el,

35Benaja, Bedja, Keluhu,

36Vanja, Meremot, Eljasjib,

37Mattanja, Mattenai og Ja'asai;

38av Binnui-ætta Sjimi,

39Sjelemja, Natan, Adaja,

40Maknadbai, Sjasjai, Sjarai,

41Asarel, Sjelemja, Sjemarja,

42Sjallum, Amarja og Josef;

43av Nebo-ætta Je'iel, Mattitja, Sabad, Sebina, Jaddai, Joel og Benaja.

44Alle desse hadde gift seg med framande kvinner, men no sende dei frå seg både konene og borna.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help