Jesaja 50 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Har eg ikkje kraft til å frelsa?

1Så seier Herren:

Kvar er det skilsmålsbrevet

som eg har sendt mor dykkar bort med?

Eller kven hadde krav på meg,

så eg laut selja dykk til han?

Nei, de vart selde fordi de synda,

og mor dykkar vart bortsend fordi de sveik meg.

2Kvifor fann eg ingen då eg kom,

kvifor fekk eg ikkje svar då eg ropa?

Er mi hand for kort til å frelsa,

har eg ikkje kraft til å berga?

Med eit trugande ord legg eg sjøen turr

og gjer elvar til øydemark,

så fisken døyr av torste

og ligg og rotnar fordi vatnet er borte.

3Eg kler himmelen i svart

og sveiper han i syrgjebunad. Herrens tenar er tillitsfull i trengsler

4Herren min Gud har gjeve meg

ei læresveins-tunge,

så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte.

Kvar morgon vekkjer han mitt øyra,

så eg kan høyra på læresveins vis.

5Herren min Gud har opna mitt øyra.

Eg sette meg ikkje imot

og drog meg ikkje unna.

6Min rygg baud eg fram til dei som slo,

mine kinn til dei som reiv meg i skjegget.

Eg gøymde ikkje mitt andlet

for vanære og spytt.

7Herren min Gud kjem meg til hjelp;

difor skjemmest eg ikkje.

Difor gjer eg andletet hardt som flint,

og eg veit at eg ikkje vert til skammar.

8Han er nær,

han som hjelper meg til min rett.

Kven vil føra sak mot meg?

Lat oss møtast for retten!

Kven er min motpart?

Lat han stiga fram!

9Sjå, Herren min Gud kjem meg til hjelp.

Kven vil døma meg skuldig?

Dei vert alle utslitne som ein kledning,

mòl skal eta dei opp.

10Dei av dykk som har age for Herren,

skal høyra på hans tenar.

Den som ferdast i mørker

og ikkje ser det minste ljos,

han kan lita på Herrens namn

og stø seg til sin Gud.

11Men de som kveikjer opp eld

og skyt brannpiler til alle kantar,

gå inn i den logande elden,

mellom pilene som de har kveikt!

Frå mi hand kjem dette over dykk,

i pinsle skal de liggja.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help