Salmane 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herre, syn meg dine vegar!

1Av David.

Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2eg set mi lit til deg, min Gud.

Lat meg ikkje verta til skammar,

lat ikkje mine fiendar triumfera over meg!

3Ingen som ventar på deg, vert til skammar;

til skammar vert berre dei

som ber seg trulaust åt – til inga nytte.

4Herre, syn meg dine vegar,

og lær meg dine stigar!

5Lat meg få ferdast i di sanning;

lær meg, Gud,

for du er min frelsar!

Eg ventar dagen lang på deg.

6Kom i hug di miskunn, Herre,

og dine velgjerningar;

for dei er frå evig tid.

7Kom ikkje i hug min ungdoms synder

og mine misgjerningar!

Kom meg i hug i din truskap, Herre,

for din godhug skuld.

8God og rettvis er Herren;

difor viser han syndarar vegen.

9Han leier dei arme til det som er rett,

og lærer dei hjelpelause sin veg.

10Alle Herrens stigar er miskunn og truskap

mot dei som held hans pakt og hans bod.

11For ditt namn skuld, Herre,

tilgjev mi synd, for ho er stor!

12Kvar den som har age for Herren,

lærer av han den veg han skal velja.

13Han skal alltid ha det godt,

og ætta hans skal arva landet.

14Herren har fortruleg samfunn

med dei som ottast han,

i pakta med han får dei rettleiing.

15Eg vender alltid mine augo mot Herren,

for han dreg mine føter ut or garnet.

16Vend deg til meg og ver meg nådig,

for eg er einsam og i naud.

17Fri meg frå det som tyngjer mitt hjarta,

og før meg ut or mine trengsler!

18Tenk på mi naud og mi møde,

og tilgjev alle mine synder!

19Sjå mine fiendar, kor mange dei er!

Dei hatar meg med eit ofseleg hat.

20Vern mitt liv og fri meg ut,

lat meg ikkje verta til skammar;

for eg flyr til deg.

21Lat ærlegdom og rettvise verna meg, Herre;

for eg set mi von til deg!

22Å, Gud, løys Israel ut

or alle trengsler!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help