1. Mosebok 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vondskapen aukar på jorda

1Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer.

2Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.

15Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg.

16Eit tak skal du leggja på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det! Set ei dør på den eine sida, og bygg arka i tre høgder!

17No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda, skal døy.

18Men med deg vil eg gjera ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg. 9,9

19Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal det vera. 7,2f

20Eitt par av kvart slag skal koma inn til deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, så dei kan berga livet.

21Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal vera til føde for deg og for dei.»

22Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help