Hosea 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens klagemål mot eit trulaust folk

1Høyr Herrens ord, de Israels søner!

Herren har sak med dei som bur i landet.

For det er inga sanning i folket

og ingen truskap og gudskjennskap.

2Dei sver og lyg, myrdar og stel,

bryt ekteskapet og fer med vald;

mord fylgjer på mord.

3Difor skal landet visna,

og alle som bur der, tærast bort;

både dyra på marka og fuglane i lufta,

jamvel fisken i havet skal rydjast ut.

4Ingen skal klaga eller refsa nokon.

Folket ditt liknar dei som trettar med ein prest.

5Du skal falla om dagen,

og profeten skal falla med deg om natta;

og mor di vil eg tyna.

6Folket mitt skal gå til grunne

fordi det ikkje kjenner Gud.

Sidan du har vraka kjennskapen til han,

vrakar eg deg som prest.

Du gløymde lova åt din Gud,

difor gløymer eg òg dine søner.

7Så mange dei er, har dei synda mot meg,

si ære bytte dei bort i skam.

8Dei lever av mitt folks synd

og lengtar etter deira misgjerning.

9Difor går det presten som folket;

eg vil straffa han for hans ferd

og løna han for hans gjerningar.

10Dei skal eta og ikkje mettast,

driva utukt og ikkje auka i tal;

for dei har vendt seg bort frå Herren

og bryr seg ikkje om han.

11Utukt, vin og annan rusdrikk

gjer ende på vitet.

12Folket mitt spør si trestøtte til råds,

og spådomsstaven gjev dei svar.

For ei utuktsånd har ført dei vilt,

i truløyse har dei falle frå sin Gud.

13Øvst oppå fjella ofrar dei;

dei brenner offer på haugane,

under eiker, poplar og terebinter,

for skuggen av dei er god.

Difor driv døtrene dykkar utukt,

og sonekonene bryt ekteskapet.

14Eg vil ikkje straffa døtrene dykkar

fordi dei driv utukt,

eller sonekonene fordi dei bryt ekteskapet;

for mennene gøymer seg bort med horkvinner

og ofrar saman med tempelskjøkjer.

Det folket som ikkje har vit, skal falla.

15Om du driv utukt, Israel,

må ikkje Juda føra skuld over seg!

Gå ikkje til Gilgal,

far ikkje opp til Bet-Aven,

og sver ikkje: «Så sant Herren lever!»

16For Israel er trassig som ei ustyrleg ku.

Skal då Herren la dei beita

som lam på vide marker?

17Efraim er bunden til gudebilete

– lat han berre fara!

18Når deira drikkelag er slutt,

går dei bort og driv utukt.

Dei elskar skamma åt dei skamlause.

19Ein storm skal gripa dei med sine venger,

dei skal verta til skammar med sine offer.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help