Mika 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Fredsfyrsten frå Betlehem

1Men du, Betlehem, Efrata,

den ringaste mellom ættene i Juda!

Frå deg skal eg få meg ein mann

som skal vera herre over Israel.

Han har sitt opphav i gamal tid,

han er frå eldgamle dagar.

2Så lèt Gud dei gå sine eigne vegar

til dess ho som skal føda, har født.

Då kjem resten av brørne hans

heim att til Israels søner.

3Han skal stå og gjæta i Herrens kraft,

med makt og mynd frå Herren sin Gud.

Og no skal dei sitja trygt,

for hans velde når til heimsens endar.

4Han skal koma med fred.

«Når assyrarane kjem inn i landet vårt

og stig inn i borgene våre,

då reiser vi imot dei

sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

5Dei skal gjæta Assurs land med sverd,

ja, Nimrods land med dregne våpen.»

Men han skal frelsa frå assyrarane

når dei kjem inn i landet vårt

og stig over grensene våre.

Jakobs rest

6Mellom mange folk skal Jakobs rest

vera som dogg frå Herren,

som ei regnskur på gras.

Dei ventar ikkje på nokon mann

og vonar ikkje på menneske.

7Mellom folkeslaga vert Jakobs rest

– midt imellom mange folk –

som løva mellom dyra i skogen,

som ungløva i saueflokkar.

Ho fer fram og trakkar ned,

ho riv i hel, og ingen bergar.

8Lat di hand vera lyft

mot dine motstandarar!

Må alle dine fiendar rydjast ut!

Bort med alt framandt!

9Den dagen, lyder ordet frå Herren,

vil eg rydja ut hestane dine

og gjera stridsvognene dine til inkjes.

10Byane i landet legg eg i øyde,

og alle festningane bryt eg ned.

11Trolldomsmidla tek eg frå deg,

og teikntydarar skal du ikkje lenger ha.

12Gudebileta dine rydjar eg ut,

steinstøttene dine tek eg bort.

Du skal ikkje lenger bøya deg

og tilbe det du sjølv har laga.

13Asjera-pålane riv eg opp,

og byane legg eg i øyde.

14I vreide og harme tek eg hemn

over folkeslag som ikkje vil høyra.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help