1. Mosebok 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren gjestar Abraham

1Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen.

2Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda 17,21+

11No var Abraham og Sara gamle og ut i åra komne; Sara hadde det ikkje lenger så som kvinner plar ha det.

12Difor lo ho med seg sjølv og tenkte: «Skulle eg få hug, endå så gamal som eg er, og mannen min er òg til års!» 17,17+

13Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og tenkjer: Kan det vera råd at eg skal få barn, så gamal som eg er?

14Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.» Jer 32,17.27; Luk 1,37

15Sara nekta og sa: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»

Abraham bed for Sodoma og Gomorra

16Så gjorde mennene seg ferdige og gjekk; og dei tok leia bortetter mot Sodoma. Abraham var med; han ville fylgja dei på vegen.

17Då tenkte Herren: «Skulle eg dølja for Abraham det eg vil gjera?

18Abraham skal då verta til eit stort og sterkt folk, og i han skal alle folk på jorda velsignast. 12,2f+

19Til det har eg valt han ut at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera rett og skil, så Herren kan la Abraham få det han har lova han.»

20Og Herren sa: «Sanneleg, det lyder høge klagerop over Sodoma og Gomorra; syndene deira er ovstore. 13,13+

21No vil eg ned og sjå om dei har bore seg så ille åt som det lydest av den klaga over dei som har nått opp til meg; og har dei ikkje det, vil eg vita det.»

22Så snudde mennene seg og gjekk til Sodoma. Men Herren vart ståande framfor Abraham.

23Og Abraham gjekk nærare og sa: «Vil du verkeleg riva bort dei rettferdige saman med dei gudlause?

24Om det no er femti rettferdige i byen? Vil du då riva dei bort og ikkje spara staden for deira skuld?

25Det er ikkje di vis å fara så åt, å tyna den rettferdige saman med den gudlause, så det går den rettferdige like eins som den gudlause. Nei, det er ikkje di vis! Han som dømer all jorda, skulle ikkje han gjera det som rett er?» Sal 7,9; Apg 17,31; Rom 3,6

26Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg spara heile byen for deira skuld.»

27Abraham tok til ords att og sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, endå eg er mold og oske.

28Om det no vantar fem på dei femti rettferdige? Vil du då leggja heile byen i øyde for dei fem skuld?» Han svara: «Nei, finn eg førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»

29Abraham heldt fram med å tala til han. «Om det no finst førti?» sa han. Han svara: «For dei førti skuld skal eg ikkje gjera det.»

30Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar! Om det no finst tretti der?» Han svara: «Eg skal ikkje gjera det så sant eg finn tretti.»

31Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Om det no finst tjue der?» Han svara: «For dei tjue skuld skal eg ikkje øydeleggja byen.»

32Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar ein einaste gong til! Om det berre finst ti?» Han svara: «For dei ti skuld skal eg ikkje øydeleggja han.»

33Då Herren hadde tala ut med Abraham, gjekk han bort. Og Abraham gjekk heim att til seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help