Ordtaka 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ein manns ord er som djupt vatn

1Ein einstøing fylgjer sin eigen hug,

med stort hell yppar han strid.

2Dåren bryr seg ikkje om godt skjøn,

han vil visa kva han tenkjer sjølv.

3Kjem gudlaus mann, kjem vanvørdnad òg,

og med skam fylgjer spott.

4Ein manns ord er som djupt vatn,

og visdoms kjelde er ein bekk som vell fram.

5Det er ille å halda med skuldig mann

og driva den rettferdige bort frå retten.

6Dårens lipper valdar strid,

og munnen hans ropar etter riset.

7Dårens munn er til skade for han sjølv,

og lippene er ei felle for han.

8Ord av ein baktalar er som dei beste retter,

dei sig ned i kroppen.

9Den som er lat i sitt arbeid,

han er bror til øydaren.

10Herrens namn er eit festningstårn;

dit spring den rettferdige og vert berga.

11Rikmanns gods er hans faste borg,

i hans tanke er det som ein høg mur.

12Før mannen fell, er han stolt i hjarta,

føre ære går audmykt.

13At nokon svarar før han høyrer,

er dumt og til skam for han.

14Motet held mannen oppe i sjukdom,

men mismod, kven kan bera det?

15Den kloke får seg kunnskap,

dei vise legg vinn på å høyra og læra.

16Gåver opnar veg for mannen

og fører han fram for dei store.

17Den som talar fyrst i ei sak, har rett

til motparten kjem og granskar hans ord.

18Loddkasting gjer ende på tretter,

ho avgjer strid mellom mektige menn.

19Har ein bror lide urett,

er han verre å vinna enn ei festning;

å tretta med han er som bom for ei borg.

20Magen mettast av munnens frukt,

av det som lippene ber fram.

21Tunga har makt over død og liv,

og dei som gjerne brukar henne,

får nyta hennar frukt.

22Den som finn ei kone, finn lukka;

han har fått velvilje hjå Herren.

23Den fattige kjem med audmjuk bøn,

den rike svarar med harde ord.

24Det kan gå gale med ein mann som har vener,

men det finst vener som er trugnare enn ein bror.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help