1. Mosebok 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Tårnet i Babel

1Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet.

2Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned.

3Dei sa til kvarandre: «Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!» Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk.

4Så sa dei: «Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!»

5Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde.

6Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera.

7Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!»

8Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda.Sems-ætta

10Dette er etterkomarane etter Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.

29Abram og Nakor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai, og kona til Nakor heitte Milka. Ho var dotter til Haran. Han hadde døtrene Milka og Jiska.

30Men Sarai var barnlaus; ho kunne ikkje få born.

31Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona til Abram, og førte dei ut frå Ur i Kaldea og ville fara til Kanaan. Men då dei kom til Karan, slo dei seg ned der. 15,7; Neh 9,7

32Levetida hans Tarah vart 205 år. Så døydde Tarah i Karan.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help