1Med det same morgonen rann, samrådde overprestane seg med dei eldste og dei skriftlærde, heile Rådet, og tok si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.
2Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.
3Overprestane kom no med mange klagemål mot han.
4Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei klagar deg for!»
5Men Jesus svara ikkje eit ord, så Pilatus undra seg.
6Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den dei sjølve bad om.
7Ein som heitte Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar. Dei hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.
8Då no folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane,
9sa han: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»
10For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus i hans hand.
11Men overprestane fekk eggja opp folket, så dei bad at han heller skulle gje dei Barabbas fri.
24Så krossfeste dei han. Kleda hans skifte dei mellom seg og kasta lodd om kva kvar skulle ha.
29Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Sal 22,8; 109,25; Mark 14,58
30Frels deg sjølv og stig ned av krossen!»
31På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa!
32Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
Jesus døyr(Matt 27,45–56; Luk 23,44–49; Joh 19,28–30)33Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen. Am 8,9
34Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Sal 22,2
35Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»
36Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.» Sal 69,22
37Men Jesus ropa høgt og anda ut.
38Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned. 2 Mos 26,31ff
39Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»
40Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.
41Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.
Jesus vert gravlagd(Matt 27,57–61; Luk 23,50–56; Joh 19,38–42)42Det var helgaftan, dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. 5 Mos 21,22f
43Josef frå Arimatea, ein høgvørd rådsherre, som venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam.
44Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om det var så.
45Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét han Josef få liket.
46Så kjøpte Josef eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og velte ein stein attfor gravopninga.
47Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.