1Ein Asaf-salme.
a, Gud er god mot Israel,
mot dei som er reine av hjarta.
2Men eg heldt på å snåva,
mine føter hadde nær glide ut.
3For eg vart harm på dei hovmodige,
då eg såg at det gjekk dei gudlause vel.
4Dei har ingen plager,
dei er friske og godt i hold.
5Menneskeleg møde er dei frie for,
dei vert ikkje plaga som andre.
6Difor er hovmod deira halsband,
valdsferd er kappa dei sveiper seg i.
7Vondskapen strøymer frå deira indre,
deira hjartans tankar trengjer seg fram.
8Dei spottar og talar i vondskap,
ovanfrå trugar dei med trengsle.
9Dei lyfter munnen mot himmelen,
og tunga fer ikring på jorda.
10Difor vender folk seg til dei,
og mykje vatn syg dei i seg.
11Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?
Har Den Høgste kjennskap til noko?»
12Ja, så er dei gudlause
som støtt er trygge og aukar sin rikdom.
13Fåfengt har eg halde hjarta reint
og vaska mine hender til teikn på uskyld.
14Endå vart eg plaga heile dagen,
kvar morgon vart eg tukta.
15Hadde eg sagt: «Såleis vil eg tala»,
då hadde eg svike dine søners ætt.
16Så tenkte eg etter, ville skjøna dette;
mødesamt var det for meg
17– til dess eg gjekk inn i Guds heilagdom;
då skjøna eg korleis det går dei til sist.
18Ja, på håle vegar fører du dei,
du lèt dei falla og gå til grunne.
19Å, kor brått dei går til grunne,
dei vert rivne bort og endar i redsle.
20Liksom vi vanvørder ein draum
når vi vaknar om morgonen,
såleis vanvørder du synet av dei
når du reiser deg, Herre.
21Så lenge eg var beisk i hugen,
og kjende at det stakk i hjarta,
22var eg dum og uvitug,
som eit fe var eg imot deg.
23Men eg vert alltid verande hjå deg,
du har gripe mi høgre hand.
24Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du meg opp i herlegdom.
25Kven har eg elles i himmelen?
Når eg berre har deg,
har eg ikkje hug til noko på jorda.
26Om kropp og sjel forgår,
er Gud for evig mitt berg og min del.
27Sjå, dei som held seg borte frå deg,
går til grunne,
du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
28Men for meg er det godt å vera nær Gud.
Eg tek mi tilflukt til Herren.
Eg vil vitna om alle dine gjerningar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.