Salmane 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herre, du vil verna oss

1Til korleiaren. Etter «Den åttande».

Ein Davids-salme.

2Berga meg, Herre! Dei trugne er borte,

det finst ikkje trufaste menneske meir.

3Lygn talar dei, kvar med sin neste,

med tvihug og falske lipper.

4Gjev Herren må rydja ut alle

som fer med lygn

og talar store ord,

5som seier:

«Vi har vår styrke i tunga,

og vi har lippene med oss.

Kven meistrar vel oss?»

6«Fordi dei verjelause vert trælka

og dei fattige styn,

vil eg reisa meg no,» seier Herren.

«Eg vil frelsa dei

som stundar etter hjelp.»

7Herrens ord er reine ord,

lik sølv som er skirsla i smelteomnen,

sju gonger reinsa.

8Herre, du vil vara oss,

alltid verna oss mot denne ætta,

9når gudlause menneske fer ikring,

og usseldom får makta mellom folk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help