Salmane 124 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Vi får hjelp frå Herren

1Ein song til festferdene. Av David.

Hadde ikkje Herren vore med oss

– så skal Israel seia –

2hadde ikkje Herren vore med

då menneske reiste seg mot oss,

3så hadde dei slukt oss levande

då deira vreide loga imot oss;

4då hadde vatnet rive oss bort

og flaumen skylt over oss,

5då hadde dei veldige vassmengdene

kome veltande over oss.

6Lova vere Herren,

som ikkje gav oss til rov for deira tenner!

7Vi slapp fri som fuglen

or fuglefangarens snare.

Snara rivna, og vi slapp fri.

8Vi har vår hjelp i Herrens namn,

Han som skapte himmel og jord.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help