1Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn.
3I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn.
9Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar:
15Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. Jes 8,7; Op 17,1
16Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17,12
17For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt.
18Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.