Salmane 35 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Reis deg og hjelp meg, Herre!

1Av David.

Herre, strid mot dei som strider mot meg,

og kjemp mot dei som kjempar mot meg!

2Grip skjold og verje, reis deg og hjelp meg!

3Ta spyd og stridsøks fram

og gå mot dei som forfylgjer meg!

Sei til meg: «Eg er di frelse!»

4Lat dei som står meg etter livet,

verta til spott og spe!

Lat dei som tenkjer ut vondt imot meg,

dra seg tilbake med skam.

5Gjev dei må verta som agner for vinden,

når Herrens engel støyter dei bort!

6Gjev deira veg vert mørk og hål,

når Herrens engel forfylgjer dei!

7For utan grunn har dei sett sitt garn

og grave ei fallgrav for meg.

8Lat ulukka koma uventa over dei,

og garnet dei sette, fanga dei sjølve.

Ja, lat dei falla i ulukke!

9Men eg skal jubla i Herren

og gleda meg over hans frelse.

10Då skal eg ropa med kropp og sjel:

«Herre, kven er som du,

du som friar ein hjelpelaus mann

frå den som er sterkare enn han,

og bergar ein fattig stakkar

frå den som ranar han.»

11Urettferdige vitne reiser seg

og spør meg om slikt eg ikkje veit.

12Dei løner godt med vondt,

eg kjenner meg så einsam.

13Eg gjekk i syrgjebunad då dei var sjuke,

og plaga meg med faste.

Eg bad med hovudet bøygt mot fanget

14som for ein ven eller bror.

Lik ein som syrgjer over si mor,

gjekk eg nedbøygd, i syrgjeklede.

15Men når eg snåvar,

samlast dei med glede;

dei kjem imot meg og vil slå

utan at eg veit om det,

og så riv og slit dei utan stans.

16Fråfalne som dei er,

spottar og hånar dei,

dei skjer tenner mot meg.

17Kor lenge vil du sjå på, Herre?

Berga mitt liv frå dei som herjar,

det beste eg har, frå løvene.

18Eg vil takka deg i den store samlinga

og prisa deg i den talrike flokken.

19Lat ikkje svikefulle fiendar

få triumfera over meg!

Dei som hatar meg utan grunn,

skal ikkje blunka hånleg med auga!

20Dei skaper ikkje fred med sin tale,

men mot dei stille i landet

tenkjer dei ut svikefulle ord.

21Dei spilar opp munnen imot meg,

dei ropar spottord og seier:

«Vi har sett det med eigne augo!»

22Du har sett det, Herre. Tei ikkje!

Ver ikkje langt borte frå meg, Herre!

23Reis deg, vakna og hjelp meg til min rett,

min Gud og Herre, før mi sak!

24Døm meg i di rettferd, Herre, min Gud,

lat dei ikkje triumfera over meg!

25Lat dei ikkje tenkja med seg:

«Ha-ha, det gjekk som vi ynskte.»

Lat dei ikkje seia: «Vi har slukt han.»

26Lat dei som jublar når det går meg gale,

få skam og vanære.

Lat dei som briskar seg mot meg,

kle seg i skam og skjemsle.

27Men dei som ynskjer at eg får min rett,

skal fegnast og vera glade

og alltid tenkja: «Stor er Herren,

som unner sin tenar lukke og fred!»

28Mi tunge skal tala om di rettferd

og lovsyngja deg heile dagen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help