1Sidan vende vi oss mot øydemarka og tok vegen til Sevsjøen, som Herren hadde sagt til meg, og i lang tid fór vi og sveiv kring Se'ir-fjella.
8Så tok vi av stad, bort frå frendane våre, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, den som går frå Eilat og Esjon-Geber, og heldt fram i ei anna lei, etter den vegen som fører til Moab-øydemarka.
9Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av landet deira, for Ar har eg gjeve Lots-sønene til eigedom. –
14Då var det trettiåtte år sidan vi tok ut frå Kadesj-Barnea, og heile den gamle ættleden av våpenføre menn i leiren var utdøydd, som Herren hadde svore at det skulle gå dei.
20Det òg vert rekna for eit refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar.
21Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren rudde dei ut for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg i landet deira.
22Det same hadde han gjort for Esau-sønene, som bur i Se'ir, då han rudde ut horittane for dei. Esau-sønene dreiv dei bort og busette seg i landet deira, og der har dei butt til denne dag.
23Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane, heilt fram til Gasa. Kaftorarane som kom frå Kaftor, rudde dei ut og busette seg i landet deira.
24Gjer dykk ferdige, far i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender. Ta til med å leggja det under deg, og gå til strid mot han!
25Etter denne dag vil eg la redsle og age for deg koma over alle folk under himmelen. Berre dei høyrer gjete deg, skal dei bivra og skjelva for deg.
Sigeren over kong Sihon26Frå Kedemot-øydemarka sende eg nokre menn til Sihon, kongen i Hesjbon, med tilbod om fred. Eg sa: 4 Mos 21,21ff
27«Lat meg få fara gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre.
28Den maten eg treng, skal eg kjøpa av deg for pengar, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg betala deg for. Eg vil berre fara til fots gjennom landet
29– som Esau-sønene i Se'ir og moabittane i Ar gav meg lov til – så eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»
30Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss fara gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, fordi han ville gje han i dine hender, som han no har gjort.
31Og Herren sa til meg: «Sjå, no gjev eg deg makt over Sihon og landet hans. Gå til verket og legg landet under deg!»
32Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville strida mot oss. 29,7f
33Men Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren hans.
34Den gongen tok vi alle byane hans og bannstøytte kvar byen, både menn, kvinner og born. Ingen vart att, og ingen slapp unna.
35Berre bufeet eigna vi til oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.
36Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og frå byen nede i dalen heilt til Gilead fanst det ikkje ein einaste by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.
37Men ammonittlandet lét du vera i fred, både landet langs Jabbok-elva og byane oppi fjellet, alt det som Herren vår Gud hadde sagt at vi ikkje skulle ta.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.