1Endå ein gong samla David alt det utvalde mannskapet i Israel, tretti tusen mann.
9Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna hysa Herrens paktkiste?»
10Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.
11Der vart ho ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile huslyden hans.
12Då kong David fekk høyra at Herren hadde velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det han åtte, for paktkista skuld, drog han av stad og henta Guds paktkiste frå huset åt Obed-Edom. Han førte henne opp til Davids-byen med stor glede.
15Såleis førte David og heile Israels-folket Herrens paktkiste opp med jubelrop og hornlåt.
16Men då kista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal Saulsdotter ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvørde han.
17Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist åt henne, og David bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.
18Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i namnet åt Herren, Allhærs Gud. 1 Kong 8,55
19Så delte han ut ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, som var samla frå heile Israel.
20Då David kom heim att og ville helsa på huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut mot han og sa: «Kor ærefullt Israels konge bar seg åt i dag, då han synte seg naken for augo på tenestjentene åt mennene sine, som lauslyndt folk har for vis!»
21David svara Mikal: «Det var for Herrens åsyn eg dansa, for han som valde meg ut framom far din og heile hans ætt og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel. For Herrens åsyn vil eg dansa 1 Sam 13,14
22jamvel om eg gjer meg endå ringare enn eg no har gjort, og vert endå mindre vørd av deg. Men hjå desse tenestjentene som du talar om, hjå dei skal eg vinna ære.»
23Mikal Saulsdotter var barnlaus til sin døyande dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.