Jesaja 46 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren er alltid den same

1Bel sig saman, og Nebo fell.

Deira bilete vert lagde på lastdyr og fe.

Dei som før vart borne av dykk,

ligg no som ei bør på trøytte dyr.

2Dei sig og stuper, alle saman,

dei kan ikkje berga dei som ber dei,

men må sjølve fara or landet.

3Høyr på meg, du Jakobs ætt,

alle som er att av Israels hus,

de som er borne frå mors liv

og lyfte på hender frå mors fang:

4Alt til dykkar alderdom er eg den same,

til de grånar i håret, skal eg bera dykk.

Det har eg gjort, og det skal eg gjera,

ja, eg skal bera og berga dykk.

5Kven vil de setja opp mot meg

og likna meg med?

Kven vil de halda for jamliken min?

6Somme auser ut gull or pungen

og veg opp sølv på vekt.

Dei leiger ein gullsmed som lagar ein gud;

så bøyer dei seg ned og tilbed han.

7Dei tek han på aksla, ber han bort

og set han på plass.

Så står han der

og rører seg ikkje av flekken.

Ropar dei til han, svarar han ikkje,

han bergar dei ikkje or naud.

8Tenk på dette og ver faste,

ta det til hjarta, de svikarar!

9Tenk på det som hende før,

heilt ifrå eldgamal tid!

For eg er Gud, og ingen annan,

eg er Gud, og det finst ingen som eg.

10Eg kunngjer frå opphavet dei siste ting,

varslar føreåt det som skal henda.

Eg seier: «Den plan eg har lagt, står fast,

og alt eg vil, det gjer eg.»

11Eg kallar hit ein rovfugl frå aust;

frå eit land langt borte kallar eg han,

den mannen som set min plan i verk.

Eg har tala og lèt det koma,

eg har tenkt det og lèt det henda.

12Høyr på meg, de stridlyndte menn,

de som er så langt frå rettferd.

13Eg fører hit mi rettferd,

ho er ikkje langt borte,

mi frelse dryer ikkje.

Så gjev eg frelse på Sion

og lèt Israel få sjå min herlegdom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help