Joel 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens dag

1Blås i horn på Sion,

lyft hærrop på mitt heilage fjell,

så alle i landet skjelv av redsle.

For Herrens dag er nær, han kjem,

2ein dag med mørker og dimme,

ein dag med skyer og skodd.

Det kjem eit stort og mektig folk

og breier seg som morgonroden på fjellet.

Det har aldri hatt sin like

og skal heller ikkje få det

frå ætt til ætt i alle år.

3Framføre det et elden opp,

og bakom sleikjer logen.

Framføre er landet som hagen i Eden,

og bakom ligg ei livlaus øydemark;

ingen bergar seg unna.

4Som hestar er folket å sjå til,

som hingstar fer dei fram.

5Dei tråvar over åsryggene

liksom larmande vogner,

lik eld som sprakar i halmen,

lik ein veldig hær som er budd til strid.

6Folkeslag skjelv for dei,

kvart andlet er eldande raudt.

7Som krigarar rusar dei fram,

som stridsmenn stormar dei murar.

Kvar ein går strake vegen

og bøyer ikkje av frå stigen.

8Ingen trengjer den andre bort,

kvar mann held sin plass.

Dei rusar fram mellom kastespyd

og lèt seg ikkje stogga.

9Dei fer inn i byen,

dei stormar opp på muren,

dei trengjer inn i husa.

Gjennom vindauga går dei som tjuvar.

10Jorda skjelv framføre dei,

og himmelen skjek.

Sol og måne svartnar,

og stjernene misser sin glans.

11Herren lyfter si røyst

framfor fylkingen han fører;

for veldig er hans hær

og mange dei som lyder hans ord.

Ja, stor og skræmande er Herrens dag,

kven kan halda han ut? Vend om, for Gud er nådig!

12Men jamvel no,

lyder ordet frå Herren,

vend om til meg av heile dykkar hjarta,

med faste og gråt og klage!

13Riv ikkje kleda sund,

men lat angeren riva i hjarta!

Vend om til Herren dykkar Gud!

For han er nådig og mild,

langmodig og rik på miskunn;

han kan endra sin plan

så han ikkje lèt ulukka koma.

14Kanskje snur han om og endrar sin plan

og legg velsigning etter seg

– grødeoffer og drikkoffer

for Herren dykkar Gud.

15Blås i horn på Sion,

lys ut ei faste

og kunngjer høgtidssamling!

16Kall folket saman og vigsla lyden,

lat dei gamle samlast,

ta småborn og spedborn med!

Lat brudgomen gå ut or sitt rom

og brura ut or sitt kammer!

17Mellom forhall og altar

skal prestane, Herrens tenarar, gråta og seia:

«Herre, spar ditt folk!

Gjer ikkje din eigedom til spott,

lat ikkje framande råda over dei!

Kvifor skal dei seia mellom folka:

Kvar er deira Gud?»

18Då vart Herren fylt

med brennhug for sitt land

og viste medkjensle med sitt folk.

19Og Herren svara sitt folk:

Eg sender dykk korn og vin og olje,

så de kan mettast.

Aldri meir skal eg gjera dykk

til spott mellom folka.

20Fienden frå nord

vil eg driva langt bort frå dykk

og jaga han til eit turt og øyde land,

hans fortropp til havet i aust,

hans baktropp til havet i vest.

Tev og vond lukt skal stiga opp frå han,

for han sette seg føre å gjera storverk.

21Ver ikkje redd, du åkerjord,

fagna deg og ver glad!

For Herren gjer storverk.

22Ver ikkje redde, de dyr på marka,

for beita i øydemarka grønkast,

og trea gjev si frukt,

fikentre og vintre ber rikt.

23Fagna dykk, de Sions søner,

gled dykk i Herren dykkar Gud!

For i rettferd gjev han dykk haustregn,

han sender dykk regn,

haustregn og vårregn som før.

24Kvar treskjevoll fyllest med korn,

pressekummane fløymer med druesaft og olje.

25Eg gjev dykk att for dei år

då grashoppesvermen herja,

og larva, gnagaren og åma,

min store hær som eg sende mot dykk.

26De skal eta og mettast

og prisa namnet åt Herren dykkar Gud.

For han steller underfullt med dykk,

og folket mitt skal aldri verta til skammar.

27De skal merka at eg er hjå Israel.

Eg og ingen annan er Herren dykkar Gud,

og folket mitt skal aldri verta til skammar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help