1I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.
6Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.
9Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.
14Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
16Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. Døyparen vitnar
19Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?»
43Dagen etter ville Jesus fara til Galilea. Då møtte han Filip og sa til han: «Fylg meg!»
44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.
45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har funne han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.