Sefanja 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jerusalems synd og straff

1Ve den trassige og ureine byen,

som er så full av vald!

2Han høyrer ikkje på Herrens røyst

og tek ikkje imot tukt.

Han set ikkje si lit til Herren

og held seg ikkje nær til sin Gud.

3Hovdingane i byen er som brølande løver,

og domarane som steppeulvar;

dei sparer ingenting til morgondagen.

4Profetane er skrytande, trulause menn,

prestane krenkjer det som er heilagt,

og gjer vald mot lova.

5Herren rår med rettferd der,

han gjer ikkje urett.

Kvar morgon feller han rettferdig dom,

den kjem like visst som ljoset.

Men ugjerningsmannen kjenner ikkje skam.

6Eg har øydt ut folkeslag,

deira borgtårn ligg i grus.

Eg har gjort deira gater aude,

så ingen ferdast på dei.

Byane deira er herja og folketome,

ingen bur der lenger.

7Eg sa: «Berre du ville ottast meg

og ta imot lærdom!»

Så skulle byens bustader ikkje verta øydelagde

og mi straff aldri koma over han.

Men dei synda seint og tidleg

og gjorde berre vondt.

8Difor, venta på meg,

lyder ordet frå Herren,

til eg står fram som vitne mot dei.

For det er min rett å samla folk

og føra saman kongerike

og renna ut min harme over dei,

all min brennande vreide.

For i min brennhug

skal eg øyda heile jorda.

Frelse for Israels rest

9Då vil eg skapa folka om

og gje dei reine lipper,

så dei alle kallar på Herren

og samlyndte tener han.

10Frå landet bortanfor elvane i Nubia

skal mitt spreidde folk som tilbed meg,

koma til meg med offergåver.

11Den dagen skal du ikkje skjemmast lenger

over alle brotsverk du gjorde mot meg.

For då tek eg bort ifrå deg

dei som jublar i hovmod.

Du skal ikkje meir vera stor og stolt

her på mitt heilage fjell.

12Eg leiver i deg

eit armt og audmjukt folk.

Dei skal setja si lit til Herrens namn,

13dei som er att av Israel.

Dei gjer ingen urett meir

og talar ikkje lygn.

Det finst ingen svikefull tale i deira munn.

Dei går på beite og kviler trygt,

det er ingen som skræmer dei.

14Set i og jubla, Sions dotter!

Rop av fryd, Israel!

Gled deg, Jerusalems dotter,

og jubla av heile ditt hjarta!

15Herren har fria deg frå straffedomen

og teke bort dine fiendar.

Herren, Israels konge, er hjå deg,

du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.

16Den dagen skal dei seia til Jerusalem:

Ver ikkje redd, Sion!

Lat ikkje hendene siga!

17Herren din Gud er hjå deg,

ei kjempe som kan frelsa.

Han gleder og frydar seg over deg,

tek deg atter inn i sin kjærleik.

Han jublar over deg med fryd,

18som på ein høgtidsdag.

Eg friar deg frå den dagen

då du må tola spott.

19Sjå, på den tid gjer eg ende på

alle dei som plaga deg.

Då bergar eg dei haltande

og fører saman dei bortdrivne.

Eg gjev dei ære og ros over heile jorda,

der dei før var vanæra.

20På den tid fører eg dykk heim,

då samlar eg dykk.

For eg vil gje dykk ære og ros

mellom alle folk på jorda,

når eg beint framfor augo på dykk

vender dykkar lagnad,

seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help