Salmane 34 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Smak og sjå at Herren er god!

1Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.

2Støtt vil eg prisa Herren,

stendig vil eg lovsyngja han.

3Eg rosar meg av Herren,

dei hjelpelause gleder seg når dei høyrer det.

4Lat oss saman lova Herren

og prisa hans store namn!

5Eg søkte Herren, og han svara meg,

frå alt som skræmde, berga han meg.

6Sjå opp til han, og strål av glede,

så skal de aldri raudna av skam!

7Ein stakkar ropa, og Herren gav svar,

han frelste han frå alle trengsler.

8Herrens engel slår leir

til vern for dei som har age for Herren,

og friar dei ut or fare.

9Smak og sjå at Herren er god!

Sæl er den som flyr til han.

10Ottast Herren, de hans heilage folk!

Dei som ottast han, lid inga naud.

11Unge løver må svelta og lida sakn;

men dei som søkjer Herren,

vantar det aldri noko godt.

*

12Kom hit og høyr på meg, de born!

Age for Herren vil eg læra dykk.

13Er det nokon som elskar livet,

som ynskjer seg dagar med lukke?

14Så hald di tunge frå lygn og slarv

og lippene frå svikefull tale!

15Sky det vonde, og gjer det gode!

Søk fred, og jag etter han!

16Herrens augo fylgjer dei rettferdige,

han vender øyra til deira rop.

17Men Herren vender seg mot dei som gjer vondt,

han vil rydja ut minnet om dei frå jorda.

18Når dei rettvise ropar, høyrer Herren,

han bergar dei ut or alle trengsler.

19Herren er nær hjå dei som har eit sundbrote hjarta,

og han frelser dei som har ei knust ånd.

20Mykje vondt må den rettferdige lida,

men Herren friar han ut or alt.

21Han tek vare på kvart bein i hans kropp,

så ikkje eitt av dei vert brote.

22I ulukke misser den gudlause livet,

dei som hatar den rettferdige, må bøta.

23Men Herren bergar livet åt dei som tener han;

ingen som tyr til han, lid straff.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help