1Då Bileam skjøna at Herren ville velsigna Israel, gjekk han ikkje bort og søkte varsel, som han før hadde gjort, men vende seg mot øydemarka.
7Vatnet strøymer frå Israels kar,
det dei sår, får rikeleg med væte.
Større enn Agag skal kongen deira vera,
høgt skal hans velde nå.
8Gud førte dei ut or Egypt,
og dei har styrke som ein villokse.
Dei øyder ut fiendslege folk,
knuser deira bein og bryt deira piler.
9Dei legg seg ned og kviler som ei løve,
som ei løvinne – kven torer vekkja henne?
Velsigna er den som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
10Då vart Balak brennande harm på Bileam. Han slo saman hendene og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og no har du velsigna dei tre gonger!
11Kom deg heim att så fort du kan! Eg hadde tenkt å visa deg stor ære, men sjå, Herren har nekta deg æra.»
12Bileam svara: «Eg sa då alt til dei mennene du sende:
13Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gå imot Herrens ord og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt. Det Herren seier, må eg tala.
18Han skal vinna over Edom,
leggja fienden Se'ir under seg;
Israel skal auka si makt.
19Ein fyrste dreg ut frå Jakob,
han rydjar ut dei som er att i byen.
20Så fekk Bileam auga på amalekittane, og han heldt fram med kvadet sitt:
Det fremste av folkeslag er Amalek,
men til sist skal han gå under.
21Då Bileam fekk auga på kenittane, kvad han:
Endå din bustad er traust og trygg,
og ditt reir er bygt på berget,
22skal Kain gå til grunne.
Kor lenge skal det vara
før Assur fører deg i fangenskap?
23Endå ein gong kvad Bileam:
Ve! Kven slepp frå det med livet
om ikkje Gud har vilja det så?
24Frå kittearane kjem det skip;
dei døyver Assur og Eber.
Men dei òg går mot undergangen.
25Så stod Bileam opp og fór heim att. Og Balak drog sin veg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.