Hosea 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren tuktar, men Israel sviktar

1Når eg vender lagnaden for mitt folk,

når eg gjer Israel frisk,

då vert Efraims syndeskuld openberr,

og Samarias vondskap kjem til synes.

Dei fer med svik,

tjuvar bryt seg inn,

og røvarar herjar på gata.

2Dei tenkjer ikkje på

at eg kjem all deira vondskap i hug.

Men no møter dei sine gjerningar på alle kantar,

eg har dei for auga.

3Dei gleder kongen med sin vondskap

og hovdingane med sine lygner.

4Alle er dei ekteskapsbrytarar.

Dei liknar ein omn som er så heit

at bakaren ikkje treng fyra

frå deigen er knadd og til han er syrt.

5På festdagen åt kongen vår

drikk hovdingane seg sjuke

av den heite vinen;

han retter handa til spottarar.

6Hjarta deira brenn som ein omn

der dei ligg på lur.

Heile natta kviler deira vreide,

om morgonen brenn han som logande eld.

7Alle saman er heite som ein omn,

dei gjer ende på sine domarar.

Alle kongane deira er falne,

ingen av dei kallar på meg.

8Efraim blandar seg med folka,

han er lik ei kake som ikkje er vend.

9Framande har øydt hans kraft,

men han veit det ikkje.

Håret hans er gråsprengt,

men han veit det ikkje.

10Byrgskapen åt israelittane

vitnar mot dei sjølve,

men dei vender ikkje om til Herren sin Gud,

og trass i alt som har hendt,

søkjer dei han ikkje.

11Efraim har vorte som ei due,

godtruen, utan vit.

Dei kallar på Egypt,

dei dreg til Assyria.

12Så snart dei fer av stad,

breier eg nettet mitt ut over dei.

Eg dreg dei ned som fuglane i lufta;

eg vil tukta dei, som folket alt har høyrt.

13Ve dei, at dei rømde frå meg!

Død over dei, fordi dei braut med meg!

Eg ville løysa dei ut,

men dei tala lygn mot meg.

14Dei ropar ikkje til meg av hjarta,

men ligg og jamrar på lega si.

Dei rispar seg opp for å få korn og vin,

men dei vender seg bort frå meg.

15Det var eg som lærte dei opp

og gav deira armar styrke,

men dei tenkte ut vondt mot meg.

16Dei vender seg til det som ikkje gagnar,

dei har vorte lik ein boge som ikkje duger.

Deira hovdingar skal falla for sverd

fordi dei forbanna med si tunge.

For dette vert dei spotta i Egypt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help