1Då svara Herren Job or stormen:
2Kven er det som gjer mi rådgjerd uklår
med uvituge ord?
3Spenn beltet om livet som ein mann!
Så vil eg spørja deg,
og du skal svara meg.
4Kvar var du då eg grunnla jorda?
Sei fram, om du har skjøn!
5Kven har fastsett hennar mål – det veit du vel?
Kven spente mælesnor ut over henne?
6Kvar vart hennar soklar søkkte ned,
og kven la hennar hjørnestein,
7medan alle morgonstjerner jubla,
og alle Guds søner ropa av fryd?
8Kven stengde for havet med portar,
då det braut skummande fram frå djupet,
9den gong eg kledde det med skyer
og sveipte det i mørke skodda,
10den gong eg sette grense for det
og stengde med bom og dører?
11Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger,
her skal dei stogga, dine byrge bylgjer.
12Har du nokon gong kalla morgonen fram
og synt morgonroden hans stad,
13så han tek tak i endane av jorda
og rister dei gudlause av?
14Då tek ho form som leira under seglet,
og alt syner seg som i nytt skrud.
15Dei vonde misser det ljoset dei hadde,
og armen dei lyfte, vert knust.
16Har du nått fram til havsens kjelder
og ferdast på botnen av det store djup?
17Har dødens portar vist seg for deg,
har du sett dørene til den kolmørke staden?
18Har du skoda ut over viddene på jorda?
Sei frå om du kjenner alt dette.
19Kvar går vegen til bustaden åt ljoset,
og kvar held mørkret til?
20Så ta dei med til deira heimstad,
du kjenner stigane til deira hus.
21Du veit det om du har levt så lenge
at du var til då dei vart skapte.
22Har du vore der snøen kjem ifrå,
har du sett staden der haglet ligg?
23Eg har spart dei til trengselstida,
til det kjem ein dag med kamp og krig.
24Korleis kjem ein dit der ljoset deler seg,
og der austavinden breier seg over jorda?
25Kven laga renner for det fløymande vatnet,
og kven brøytte veg for tore og lyn,
26så det regnde over folketomt land,
over øydemark der ingen bur,
27så det aude landet fekk rikeleg med vatn,
og graset grodde or grunnen?
28Har regnet ein far?
Og kven har avla doggdropane?
29Kva morsliv kjem vel isen frå,
kven har født rimet som fell frå himmelen,
30når vatnet frys og vert som stein
og flata på havdjupet ligg under is?
31Kan du knyta Sjustjerne-bandet
eller løysa Orions lekkjer?
32Kan du få kveldsstjerna fram i rette tid,
eller leia Løva og hennar ungar?
33Kjenner du lovene som rår på stjernehimmelen?
Fastset du hans velde over jorda?
34Kan du lyfta di røyst til skyene,
så vatnet fløymer ned over deg?
35Kan du senda ut lyn, så dei fer av stad
og seier til deg: «Her er vi»?
36Kven har gjeve ibisen visdom,
kven har late hanen få vit?
37Kven er så klok at han kan telja skyer,
og kven tømer vatn or himmel-kara,
38når jorda hardnar og fastnar,
og molda klumpar seg saman?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.