1No ler dei åt meg,
dei som er yngre av år enn eg.
Deira fedrar akta eg så lite
at eg ikkje sette dei
mellom mine gjætarhundar.
2Har dei slik styrke i hendene
at dei kan vera til hjelp for meg?
Dei har då mist si manndomskraft.
3Uttærte av naud og svolt
går dei og gneg på turre moar
som alt i går var aude og snaue.
4Under buskane plukkar dei melde,
dei et røter av gyvelbusken.
5Utstøytte er dei frå samfunn med menneske,
folk ropar etter dei som etter ein tjuv.
6Dei må halda til i ville kløfter
og bu i holer i jord og berg.
7Dei skrik mellom buskane
og klyngjer seg saman mellom høge tistlar,
8utskot og ærelause folk,
som er drivne frå landet.
9No syng dei spotteviser om meg,
eg har vorte eit utnemne for dei.
10Dei styggjest ved meg og held seg borte,
dei blygjest ikkje ved å spytta på meg.
11Gud har gjort min bogestreng slakk,
han har audmykt meg;
difor tøymer dei seg ikkje
når dei møter meg.
12Deira avkom har reist seg på høgre sida
og spenner føtene under meg,
dei banar seg veg og vil skada meg.
13Dei bryt opp mine stigar
og gjer det dei kan for å tyna meg,
endå ingen hjelper dei.
14Dei kjem som gjennom ei vid rivne,
mellom ruinar velt dei fram.
15Redsler har kome over meg,
mi ære vert bortsopt som av vinden,
mi hjelp kverv som ei sky.
16No er mi livskraft borte,
vonde dagar må eg smaka.
17Om natta vert mine bein gjennombora,
og min verk stilnar ikkje.
18Gud tek tak i min klednad med kraft
og snører han om meg som ein skjortekrage.
19Han har støytt meg ned i søla,
eg har vorte som mold og oske.
20Eg ropar til deg, men du svarar ikkje;
eg står der, og du berre ser på meg.
21Du har vendt deg bort og er nådelaus mot meg,
du strider mot meg med veldig hand.
22Du lyfter meg opp i stormen,
eg fer av stad og går til grunne
medan stormen rasar.
23Eg veit at du fører meg til dødsriket,
til staden der alle levande samlast.
24Men retter ikkje mennesket ut si hand
når allting sig i røys?
Ropar det ikkje om hjelp i ulukka?
25Eg gret då over dei som hadde tunge dagar,
og viste medkjensle med dei fattige.
26Eg vona på lukke, men ulukka kom,
eg venta på ljos, men det vart mørker.
27Det brusar i meg, eg får ikkje ro;
ulukkedagar har møtt meg.
28Eg går og syrgjer, det er ikkje sol;
eg reiser meg i samlinga og ropar om hjelp.
29No er eg ein bror av sjakalar,
med strutsar held eg lag.
30Skinnet på min kropp er svart,
og beina brenn av hete.
31Mitt lyrespel lyder som syrgjesongar
og fløytetonen som gråt og klage.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.